Draum

ELDRIM

Eg drøymde om ei strand
Der mange hundre gjekk i land
Eg drøymde om ei strand
Der hus vart sett i brann

Mange unge, stolte menn
Dei vil aldri vende heim te landet

Kor blei dei alle av
Som sigla over store hav
Odin, høyr mi bønn
Kor e min bror og son

Mange unge, stolte menn
Dei vil aldri vende heim te landet

Eg drøymde om ei ferd
Eg så dei blanke, kvasse sverd
Fjorden farga raud
Min kjære han ligg dau

Mange unge, stolte menn
Dei vil aldri vende heim te landet

Dei dro mot framand land
Vintern den vart hård og lang
Eg lengtar etter ro
Eg saknar dei som drog

Mange unge, stolte menn
Dei vil aldri vende heim te landet
Mange unge, stolte menn
Dei vil aldri vende heim te landet

Tracker

All lyrics are property and copyright of their owners. All lyrics provided for educational purposes only.